Tre middels

Fjellheimen er ikkje langt unna! Desse turane tek om lag 2 timar.  

Tyssebotn

Ein av dei mest populære turane går til Tyssebotn. Her går det ein fin sti langs vatnet, og inst ved vatnet ligg ein fråflytta fjellgard der det budde folk fram til 1960-talet. Husa er framleis godt heldt, og ligg idyllisk til ved vatnet. I Tyssebotn er det òg stølsdrift med geit. Langs vatnet er det mange fine plassar der du kan nyte fjellivet, frå du kjem opp til demningen og heilt inn til vika innanfor husa. Om du vil ta ein liten avstikkar til Øvrebotn går stien opp bak husa. Her oppe er du på fjellet, og kan nyte ein flott utsikt over Tyssebotn og vidare utover.   

Turen frå Osen går opp fleire trapper. Dei gamle Tyssetrappene er diverre stengde, då BKK ikkje lengre ville ta vedlikehaldet. Stien går under dei, ta deg ein liten augneblink og sjå opp! Stien vidare oppover er godt merkt. Heldravegen er eit spanande parti langs ein høg heller. Etter dette treng ein kanskje ein pust i bakken ved Heldrabenken. Vidare er stien fin og stort sett lett. Siste innspurt mot vatnet går opp eit par trapper, så er det opp til deg kor du vil finne ein fin rasteplass! 

Om du ikkje vil gå same vegen ned att kan du følgje anleggsvegen. Då kjem du ut att i Tyssedalen. Eit alternativ er å begynne turen ned i stien som går bak stølen. Når du treff att vegen kan du anten gå den ned, eller du kan gå ned Botnabrekka. Botnabrekka er ganske bratt, og nokre parti er sleipe, men på tørre dagar kan det vere eit alternativ til anleggsvegen.   

Preikestolen/Tyssesetra

Den lokale Preikestolen har eit flott utsyn! Stien oppover er diverre ikkje i veldig god stand, men belønninga er eit luftig utkikkspunkt. På vegen opp passerer du Tyssesetra. For enda meir utsikt innover fjordane kan du gå opp til høgre for Preikestolen, der du finn ein varde berre eit kort stykke ovanfor. Eit alternativ er å gå over til Tyssebotn og ned att der i frå.

Tilkomst:

Stien startar på Osen. Følg stien opp trappene og vidare. Etter den andre myra delar stien seg. Her går trappene vidare mot Tyssebotn, medan stien til Preikestolen går vidare innover. Det er skilta. Her følgjer du stien vidare oppetter, forbi Tyssesetra. Etter Tyssesetra går stien langs ei myr/tjørn. Ved enden av denne tek delar stien seg. Stien mot Preikestolen går ut mot venstre mellom nokre tre. (Stien vidare går mot Kvamsfjellet. Det er denne stien du skal gå om du vil gå Tyssebotn ned att.) Derifrå er det strake vegen mot Preikestolen. 

Om du vil over til Tyssebotn går du tilbake til der stien delar seg og fortset oppover. Gå først mellom to vardar, så heldt du stien til høgre. Etter kort tid vil du sjå ein liten varde i retning Tyssebotn. Herfrå følgjer du stien over platået, og du kjem nedatt i Tyssebotn. I det siste partiet ned mot Tyssebotn er det ein fordel med gode anklar og gode sko... Det er ikkje vanskeleg å finne vegen, då det ikkje er mange alternativ. Rett opp på oppsida, rett ned på nedsida!   

Lie

Lie er namnet på området som på kartet heiter Sørkletten og Nonkletten. Turen opp og ned går gjennom skog, men mellom klettane er det fine utsiktspunkt. Merk at turen frå Dalen er bratt!

Om du skal gå heilt over Lie er det greiaste å begynne turen i Tyssedalen og opp på Sørkletten. Ved tømmerplassen går det ein skogsveg/sti ned til høgre og over elva. Det er ikkje bru, men som regel går det greitt å hoppe på steinane. Så følgjer du vegen eit lite stykke oppover. Der vegen svingar mot venstre går det ein sti inn i skogen til høgre. Følg denne stien til topps! Her er det rimelig bratt, men stien er stort sett i ok stand og det er relativt greit merka. Etter kvart får du utsikt mot Dalen og Tyssebotn. Nesten på toppen har gode sjeler festa eit klatretau! Etter dette er du så godt som på oppe. No går stien på nedsida av bergknausen Liasteinen. Men tar du heller opp til venstre over ei lita myr kjem du opp på knausane med flott utsikt! Vidare er det lett terreng på snaufjellet. Hald til høgre (nordaust) for dei små tjørna, så følgjer du nokre vardar/merke litt ned mot skogkanten. Her går stien inn i skogen og vidare mot Nonkletten. Oppe på Nonkletten finn du postkasse med bok. Når du har lagt boka oppatt i postkassen snur du 180 og følgjer stien nedover mot Tysse bedehus. Denne stien er noko opptrakka av husdyr på beite og kan vere litt blaut. På kartet er det teikna inn ei omtrentleg rute. (Stifinnaren har rusla litt rundt på jakt etter utsikt og bær...)     

Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang