Fjellgeita

Her er det naturen rundt Tysse verkeleg kjem til sin rett! Bygda ligg ved foten av vår eigen vesle fjellkjede, der det høgaste fjellet er---Høgafjellet. Flotte turar like innan rekkevidde, her er eit par godbitar:

Høgafjellet

Klassikaren og rundturen

Turen til Høgafjellet er ei oppleving. Her får du det beste av vestlandsk fjellandskap, med eit variert og spanande turterreng. På klåre dagar er utsikten frå toppen fantastisk, med vidt utsyn i alle himmelretningar. Vegen om Tyssebotnen og Øvrebotn er i seg sjølv ei naturoppleving, forbi fjellgarden i Tyssebotn, utsikten frå Øvrebotn, og dei heller luftige partia langs kantane på Nøve. Om du vil ta ein rundtur er turen om Helldalsfjellet fin på klåre dagar. 

Turen tek til på Osen ved kraftstasjonen. Ved trappa finn du eit kart og skilt. Stien er godt merka heile vegen opp til toppen. 

Turen over Helldalsfjellet er ikkje fullt så godt merka, men på godvêrsdagar er det ganske greitt å finne fram. Bruk kart! Her skal du over Gråfjellet og vidare ned Helldalsfjellet. Den blåkledde guten nedanfor set ved stien ned frå fjellet. Herfrå er det merkt ganske greitt nedover. For å finne rett sti gjennom skogen ser du etter eit godt merka tre. Du kjem ned til anleggsvegen i Tyssebotn, og følgjer deretter Tyssedalen tilbake til Osen.   

Helldalsfjellet--Olgrøda

Ein litt mindre trafikkert tur. Den er kortare enn turen til Høgafjellet. Olgrøda ("Ølgrøo" på tyssemål) er fjellet som går langs Tyssedalen. Gå innover skogsvegen, ta av til venstre før rasteplassen, og følg anleggsvegen opp svingane. Ved toppen av svingane er ein port. Her går stien opp til høgre. Første delen av sjølve fjellturen, opp Helldalsfjellet, er ganske bratt, men over Olgrøda er det lett fjellterreng som heller slakt nedover. Her er det flott utsikt mot vest og sør. Om du går heilt ut på kanten av stupet ser du rett ned i Tyssedalen. Forsiktig her! Sikt deg inn på ei merkestang mot enden av fjellet. Ta gjerne ein tur nedom den idylliske Bernessætra, følg vardane/stien ned frå merkestanga. Vil du ta ein rundtur kan du gå ned att frå Bernessætra. Det går sti gjennom skogen ned Trollkredna til inst i Tyssedalen, men denne er dessverre godt nedtrakka og ikkje så fin å gå lengre. Eit anna alternativ er å gå frå Bernessætra ned til Gardstjørna og derfrå anten til Gangstø (Vare) eller tilbake til Tyssedalen. 

Frå Bernessætra går det òg godt merkt sti mot Høgafjellet om du er lysten på ein lengre tur. 

NB: Dette er ikkje eit nøyaktig kart, og kan avvike frå stien! Denne ruta er meint som eit utgangspunkt. Bruk eige kart, kompass og sunn fornuft!
NB: Dette er ikkje eit nøyaktig kart, og kan avvike frå stien! Denne ruta er meint som eit utgangspunkt. Bruk eige kart, kompass og sunn fornuft!
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang