Tre lette

Desse turane passar fint for ein roleg turdag eller ein rask luftetur, og er gjerne borna sine favorittar! I Dalen og ved Osvatnet finn de benkar og bålplass. 

Dalen

Den lettaste turen, tilgjengeleg for dei aller fleste. Her går du langs skogsveg, det går fint an å gå med vogn og sykkel. Vegen går over Seteselva. Her er det spanande å lage barkebåt, hoppe på steinane og sjå etter fisk!  

Rasteplassen ligg eit stykke inne, med benkar og bålplass. 

Det er fin sti vidare innover til Anorvatnet. Etter det vert det litt blautt, men det er mogeleg å gå vidare til Gårdstjørna - Storavatnet- Gangstø, eller opp Trollkredna til Bernessetra. Dette er lengre turar.     

Tilkomst: Ta til høgre ved Tøsse Mølle, så kjører du opp langs den gamle rørgata opp til demningen og Osvatnet. På toppen går skogsvegen innover Tyssedalen. God tur!

Om du kjører vidare kjem du til ein liten kraftstasjon. Her går stien rundt Osvatnet frå. Det er òg her turane til Tyssebotn og Høgafjellet startar. 

Osvatnet

Inst ved Osvatnet, ved utløpet til Kleivelandselva, ligg det ein fin rasteplass med benkar og bålpanne. Det er fine svaberg å leike på, og om ein har hellet og fiskestonga med seg kan det nappe ein liten aure eller to. Osvatnet er eit regulert vatn. Om det er heilt fullt kan bålpanna og benkane ende opp på ei lita øy. Stien innover ligg over vassnivået. 

Her er det fleire mogelegheiter. Du kan gå direkte frå kraftstasjonen på Osen, tur-retur. Dette er ein ganske kort tur gjennom spanande terreng for ungane. Gå opp første trappa og følg stien. Ved foten av den andre trappa går stien vidare innover. Det er godt merkt.

Eit anna alternativ er ein fin rundtur frå Kleivelandsmarka og ned langs Kleivelandselva. Dette er ein litt lengre tur, men det er lett terreng. I regnvêr kan det vere blautt. NB: Brua over Kleivelandselva/Vaulelva er for tida ikkje trygg, då isen har slått laus ei støtte under brua i vinter!! 

Tilkomst: frå Osen, sjå tilkomst til Dalen.

Frå Kleivelandsmarka: Køyr forbi butikken, og følg vegen mot Kleiveland opp eitt bratt parti. Ved ei ferist går stien opp til Løtane. På ein liten topp etter neste sving er det eit raudt merke rett oppe i skogen på høgre sida av vegen. Det er mogeleg å parkere i ein liten utkjørsel nokre meter bortanfor.

Stien vidare er godt merkt. Hugs at du skal følgje elva. På eit i punkt i skogen deler stien seg med ein pil som peikar oppover. Følgjer du denne stien  kjem du til Heldrabenken på vegen mot Tyssebotn. 

Løtane

Dette er ein av dei lokale favorittane. Berre ein kort tur på godt merka sti, så får du kjensla av å vere på fjellet! Terrenget er stort sett snaufjell, og på toppen ventar nydeleg utsikt både innover og utover Osterfjorden, og fjella omkring. På vegen opp står det eit "utsikt"-skilt. Her kan du gå ein liten omveg med utsikt mot Tysse og utover fjorden. Denne stien er mindre brukt og ikkje fullt så tydeleg, men er greit merka med raudt. Den kjem inn att på hovudstien rett før toppen.

Om du vil ha ein rundtur går det sti "på baksida." Her går du gjennom lett og ope skogsterreng. Når du kjem til toppen etter postkassen går du litt vidare, så finn du ei trapp. Herfrå går stien ned att til parkeringsplassen ved Vikatjørna. På stien nedover er det fin utsikt mot Kvamsfjellet og innover.    

På Løtane er det mange fine plassar og utkikkspunkt om du beveger deg litt vekk frå stien òg. Ver forsiktig om du nærmar deg fjorden, det er høgt ned! Når du skal ned att bør du følgje ein av dei to merka stiane.

 

Tilkomst: Ein kan starta turen fra kaien eller ein kan køyre forbi butikken mot Kleiveland. På toppen av den lange bakken passerer du ei ferist. Her kan ein parkera på plassen til venstre for vegen (Vikatjørna). Den 'yste' stien går frå ferista, den 'inste' frå parkeringsplassen. Følg merkinga.

Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang